STARTSIDEN   VÅRE SIDER    MISJON    BOKPROSJEKTET   PARAGUAY   INDIANERNE   FILM   BILDER   SØK   LINKER   OVERSIKT   KONTAKT

 

Tilbake til Bjørnevolds side

Til oversikten

Neste del av artiklen

 

Korsets Seier 12.september 1997

Nasjonalisering og ansvarsovertaking – del 1

Inge Bjørnevoll er norsk pinsemisjonær i Paraguay

 

Både Latin-Amerikakonferansen i Heddal og Sør og Øst-Afrikakonferansen i Kongsberg tidligere i år omtalar nasjonalisering som eit viktig tema for vår tid. «Nasjonal» er eit ord som er knytt til ei hierarkisk rekkje med ord: lokal, regional, nasjonal, og internasjonal. «Lokal» er det lågste i prestisje og makt, og så går det oppover til «internasjonal». Slik er det i politikk så vel som i næringsliv. Også i kristne samanhengar: Ein lokal konferanse er mindre betydeleg enn ein internasjonal konferanse.

Ordet «nasjonalisering» i dei språk eg kjenner, synest å ha noko av det same med seg. Gjevarene står liksom på «eit internasjonalt nivå», og gjev misjonsarbeida over til «eit nasjonalt nivå». Me får dermed inntrykk av ein ovanfråognedover prosess. Misjonærane er overordne. Dei nasjonale underordna.

Me bør derfor finna eit betre ord enn ”nasjonaliseringa” for prosessen me er oppe i på mange misjonsfelt. Kanskje «ansvarsovertaking» kunne vera betre. Det er ikkje snakk om overlevering frå eit nivå til eit anna, men skifte av ansvar innan same nivå. Uttrykket bør helst uttrykkja at denne prosessen er langsiktig, at dette har vore ein del av planen frå starten av arbeidet, og at arbeidet hermed er gått over i ei ny fase. «Nasjonalisering» gjev for mykje inntrykk at no er prosessen avslutta. «Me» er løyste. «Dei» har frå no av ansvaret, børene og sutene.

Det er viktig kva ein grunngjev ansvarsovertakinga med. I eit tilfelle som har vore aktuelt i Latin-Amerika, vart dette grunngjeve med at «misjonærane har vorte eldre, er slitne, og greier ikkje fortsetja lenger", og PYM har bestemt at arbeidet skal nasjonaliserast».

Om dette er aldri så sant, så er begge uttrykkja negativt motiverandre for den som skal motta arbeida. Kvifor? Fordi det visar at ei ansvarsovertaking ikkje har vore planlagt godt nok. Det har ikkje vore ein reell del av arbeidet. Det er ei kriseløysing! Ansvarsovertakinga må ikkje koma som resultat av at misjonærarne er utslitne, at pengane våre tek slutt, eller at «dei heime ser på det som Guds vilje for vår tid». Har me ikkje betre grunnar til å drive denne prosessen, bør me i alle fall teia still med dei!

Misjonær Arne Gjervoldstad snakkar i referatet frå Sør og ØstAfrikakonferansen at han er «skeptisk til raske ”ansvarsovertakelser".

 

og seier at «yi trenger å bevisstgjøre våre egne sendermenigheter på endringene». Dette å laga skrivne, bindande avtalar er noko nytt, i alle fall i misjonssamanheng. Men det er nødvendig skal me få ein god overgang. Misjonærane har ofte vore avhengige av utsendarmenigheter. Frå starten av vart det arbeidt etter som pengane kom inn, og utan budsjett.

No, ved ansvarsovertakinga, har den nye leiinga ikkje dei kontaktana i Noreg som forgjengarane deira hadde. Dermed vert ein stor del av det økonomiske grunnlaget vekke, men og ein heil del av forbønstenesta for arbeidet. Når misjonærane kjem heim, fell normalt kontakten med feltet dei var på vekk. Arbeid utført med mykje kjærleik og strev gjennom lang tid, kan dermed få ein knekk. Det vert ikkje det den som gav ansvaret frå seg eller den som mottok ansvaret vona og trudde.

Reint praktisk kan ein rekna ut fordelinga mellom det som har kome inn på misjonsfeltet og det som har kome inn i Noreg. Er fordelinga til dømes 60 % frå Noreg og 40 % frå landet arbeidet føregår i, bør det utarbeidast ein plan der ein sakte, men sikkert minkar prosenten frå Noreg.

Men då må ein og ha ei «kontaktmenighet» som kan ta på seg det ansvaret det er å skaffa dessa pengane i Noreg. Denne menigheten kunne ha ein kontaktperson som tek seg av fadderordning, opprop etc. Denne kunne med fordel vera den misjonæren som har bygd opp arbeidet. Men det krev av han/ho at dei ikkje prøver å «fjemdirigera» arbeidet ute. Dei nye ansvarlege har retten til å be om råd og hjelp. Me har ikkje rett til å pådytta dei våre vurderingar!

Fekk kontaktmenigheten overskot, kunne dette verta eit krisefond til hjelp i særskilde tilfelle. Vart det underskot, måtte menigheten finna andre måter å skaffa pengane på. Ei løysing kunne vera at dei let underhald m.m. som deira misjonærar fekk då dei var ute på feltet, gå til arbeidet misjonærane deira hadde bygd opp.

Ein god samarbeidavtale gjer det lettare for mottakarane å ha konkrete delmål i prosessen. Dermed vert det lettare å nå det store målet: Eit sterkt og godt arbeid som kan stå på eigne bein.

 

Neste del av artiklen  

 

Copyright ® 2012 www.pymisjon.com