STARTSIDEN   VÅRE SIDER    MISJON    BOKPROSJEKTET   PARAGUAY   INDIANERNE   FILM   BILDER   SØK   LINKER   OVERSIKT   KONTAKT

 

Korsets Seier 1978

Teamarbeid

Misjonærene i Paraguay satser på radiomisjon

Av Inge Bjørnevoll 

 

«Du kan ikke hva jeg kan, jeg kan ikke hva du kan, men Gud har en gjerning som passer for deg og en annen som passer for meg.»

Ja, slik syng me med borna. Og dette er vel klår tale om korleis eit «team» skal fungere? Og slik skal vel menigheten vera også? Gud har ein gjerning for oss alle.

Då teamarbeid kom på moten for nokre år tilbake, vart det mykje diskutert og i tillegg praktisert med vekslande resultat. Erfaringa har vist at det kan gjeva store resultat der deltakarane i gruppa er innstilte på og vil samarbeida. Innan misjonsarbeid har det i minste eitt misjonsselskap (luthersk) offisielt gått inn for dette. Det heiter seg der at «dei som vil ha teamarbeid, skal få». Hadde det vore noko slikt mellom oss, så skulle me ha bedt om det. Her er bruk for det i Paraguay.

Me har fått eit evangeliesenter. Det er eit tiltak som skal ta seg av radioevangelisering, litteratur, hjelpa til i annan evangeliering og driva bibelskule pr. korrespondanse. Dette i samarbeid med og til fordel for alle innan vår misjon. Få arbeid skulle vera meir naturlege for team.

Me har eit stasjonert arbeid, det vil si laging av radioprogram, svaring av lyttarbrev, stensilering, retting og sending av elevoppgåver, m.a. Me har eit mobilt arbeid som er opptak av radioprogram når talaren ikkje kan koma til studio, vitjingar av radiostasjonar og vitjingar av dei som har skrive lyttarbrev. Det har og vore utdeling av litteratur som ved 8. desember (Jomfru-Maria-festen) og når venneflokkane har hatt kampanjar. Det burde og vore hjelp til bibelveker og kurs, t.d. i musikk, søndagsskulearbeid etc., der vennane ynskte hjelp.

Til no er me tre. Den siste i gruppa er Augustin. Han tilhøyrer menigheten i Ypacarai og er, trass sin unge alder, vald til eldstebror der. Kjell Arne Johansen som er forstandar, fortel at han ofte er oppglødd når han kjem att, og han legg fram for vennane bønnemne frå brev me har fått, eller brev frå lyttarane generelt.

 

Han har etter måten god utdanning med omlag artiumseksamen.

No rettar han brevskulebreva og skriv stensilar. (Han tok skrivemaskinskurs for eit år sidan). Dessutan lærer han å bruke stensilmaskina og apparata på studioet. Han held og ei og anna radiopreik, enda det siste er det vanskelegaste for ham. «Men Gud har ei gjerning som passar for ham.»

 Vil du hjelpe til med å underhalda han? Lønningane gjekk etter 31. januar opp med 15%, og p.g.a. dei same prisaukane må nok me gjera det same. Kan du derfor gjeva aleine eller såman med andre kr. 525 pr. månad? Skriv i så fall til IBRA Radio, og merk saka "Løn til teamarbeida" i Paraguay».

Resten av teamet i dag er Inger-Johanne og Inge Bjørnevold. Inger-Johanne er husmor og «privatsekretær» (ho tok skrivemaskinkurs då me var i Noreg si og er elles med i bøn, eller med trøyst når noko går gale, er med og deler gledene når noko går godt, har svinga målarkosten eller stempla traktatar osv. etter som det vore treng til. Inge er «primus motor» som ventar spent på omGud har snakka med nokon om å koma ut og overta når det lir til heimreise i oktober-november 1978. Dei då planlagt opphold i Noreg ca.8 - 9 månader fram til juni-juli 1979. Her er altså trong for avløysarar som er innstilte på teamarbeid. Ideelt for heimeverande misjonærar.

Elles har teamet vårt hatt mange laust tilknytte medarbeidarar. Siste halve året har mange av venne i Ypacarai og Atyra vore med i bretting og stempling av trakta. Brødre frå Pedro Juan Caballero og Eben-Ezer m.a. har vore med og laga radioprogram. Mest har familien Iversen og menigheten i Caacupe jobba med traktatar, men vår vår ekstrahjelp direkte frå Norge gjorde og ein framifrå innsats, Petter Berg og fr. Anne Winsevold.

Me tror på teamarbeid. Ikkje fordi ordet er moderne og «klang». Fordi det står: «Men nå satte Gud lemmene, hvert isæi dem, på legemet, således som han ville. Var de derimot ett lem, hvor ble det da av legemet? Men nå er der mange lemmer, men ett legeme,» l. Kor. 12.18-20.

 

 

 Copyright ® 2012 www.pymisjon.com