STARTSIDEN   VÅRE SIDER    MISJON    BOKPROSJEKTET   PARAGUAY   INDIANERNE   FILM   BILDER   SØK   LINKER   OVERSIKT   KONTAKT

    

Korsets Seier 1. juni 1984

 

Inge Bjørnevoll

 

Framgang i Caacupe og harde prøvingar

 

Arbeidet i Caacupe er rundt 20 år gammalt, rekna frå starten. Gunvor Lilly og Josef Iversen starte det opp, og ut frå det kom arbeidet i Ypacarai og Atyra til å veksa fram. Nokre år låg arbeidet her i byen nede, til dess Odmar Byberg flytta hit ei kort tid dei reiste heim sist.

Huset Bybergs leigde, kjøpte seinare misjonen, og det var Knut Stuksrud som stod for reisinga av kyrkjebygget som no er. Josef Iversen og familien kom så tilbake og starta opp arbeidet for andre gong, og no er her ein fin flokk kristne.

Med tida kom Evangeliesentere til same bygningen, og studio og litteraturrom vart bygd til. Bustaden vart seinare reist bakerst på tomten, og der bur no den leiande eldste med familien.

I slutten av 1983 skreiv Ole Johs Jorud ein artikkel i KS om at dei trong pengar til underhald til dei to som i dag står som leiarar for arbeidet her. Det var broder Maximino som er dagleg leiar på Evangelisenteret som manglar ein del på det han treng for månaden og broder Tito som er leiande eldste for menigheten og er i same stillingen.

Det er med glede og takk til Gud at me ser at dei nasjonale tek over og akslar ansvaret. Enno maktar ikkje menigheten det økonomiske ansvaret fullt ut, men også det kjem. Til dess trengst det hjelp. Enno ei tid vil nok arbeidet her i Paraguay vera avhengig av vår omsorg, både økonomisk og i forbønn og hjelp.

Arbeidet me alle står i, er Guds arbeid. Det er ikkje mitt eller ditt eller for den del PYMs. Framfor alt er det Guds, og me får lov kvar enkelt å vera med og vera tru på den staden Gud har kalla oss. Det er av nåde, Ja berre nåde, som songaren sier.

Menigheten i Caacupe har hatt fleire leiarar siden Josef  Iversen reiste. Knut Asplund var forstandar her ei tid, og underskrivne. Siste tida kom broder Tito med, først ved sida av misjonæren, så misjonæren ved sidan av han, og frå nyttår i år står dei utan misjonærhjelp direkte i menigheten. Men når dei treng og ber om hjelp, er sjølvsagt alle misjonærane villige til å hjelpa både i undervisning og anna.

Det ser ut til å vera ei lita vårløysing i Paraguay no. Dei fleste stadane er det nyfrelste, og dåpsvatnet har vore i bruk. Flokkkane veks, smått om senn. Og her i Caacupe, byen som er kalla «Den andelege hovudstaden i Paraguay» på grunn av katolisismen og jomfrudyrkinga sin sterke stilling, vert og sjeler frelste, enno mange reknar det for hardaste staden i landet.

For den som ikkje er lokalkjend arbeider menigheten i  to avgrensa område med rundt 260 kilometer mellom. Oppe i nord, ved Nuclear l, er største flokken, og leiar er eldste broder Terecio, som har underhald frå Rakkestad. Der bygde dei for to år sidan ei lita trekyrkje, og vonar å få opp eit bygg i Chore, landsbyen som er sentrum for området der oppe. Til det er det søkt Misjonsfondet.

I Caacupe og omland er det Tito som er eldste og leiar. Særleg i tida då underskrivne med familien var i Noreg, kom mange med, og framgangen fortset. For ikkje lenge sidan var det dåp på begge dei  nemnde stadane. 

 

 

Også mange prøvingar

Midt i all framgang er det mange kampår. Siste tida har det vore, særleg mykje sjukdom. Kona til Terecio fekk nett eit lite barn, nummer sju. Då forrige barn var lite, var det ei fattig kone som ikkje ville ha barnet sitt. Ho hadde mange, med mange menn, og sa då barnet var fødd: «Kast det. Eg orkar ikkje sjå det.» Fattigdom og naud kan vera stor, oppe i nybrottsområda, og det kom til å verta Terecia og kona som tok til seg den vesle. Dei er glade i born, og ville hjelpa. Slik kom denne trufaste søstra til å amma to små samstundes.

I fjerde månaden med dette siste barnet, fekk ho blindtarmbetennelse, og vart operert. Det gjekk fint, men ho er enno ikkje frisk. Tunn og helsesvak, trengst det hjelp så ho både kan verta skikkeleg undersøkt og få effektiv hjelp. Kvar skal hjelpa koma frå?

Minsteguten til eldstebroren i Caacupe har vore sjuk i eit år. Han får stadig diarear og oppkast. Ein cyste på brystet har og vore til problem. Dei har hatt guten til doktor mange ganger, og det har vore prøvt mange medisinar. To gonger på møte trudde dei at barnet skulle flytta frå dei, og vennene gjekk i bøn. Krisene gjekk over, men problemet er ikkje løyst. To år gammal veg han no seks kg. I går reiste han til sykehuset att, og der ligg han.

Sjukestell her ute ko star pengar. Det er inga hjelp å få utan det er nokon som kan betala for medisinar og sjukehusopphold. Og det fell dyrt etter paraguayisk målestokki Desse eg her har nemt, har fått hjelp før, men det er grense for kor mykje me maktar å hjelpa med dei midlar me rår over no. For me som står oppe i det reint evangeliske arbeidet, har ikkje noko «hjelpefond» eller noko kasse med pengar til sosial hjelp å taka av.

Dei av brørne som er i full teneste evangelisk, går på eit minimum. Dei har heller ikkje noko kasse å taka av. Og av evangelistkassen vert det hjelpt så langt den makatar, men me las i KS at de og er i mangel av hjelp for at våre to brør knytte til Caacupe skal ha «til dagleg brød», for dei treng for å leva for månaden.

Ein bror, som står oppe i det evangeliske arbeidet her i landet, skal ha sagt ved eit høve noko slikt som dette: «Eg seier til kona når borna er sjuke: «Det er mykje betre dei døyr, for då får dei det godt. Her har dei det vondt, og me har ikkje pengar til å hjelpa.» Er du | fornøgd med eit slikt resonnejment? Dei  her i landet må ofte av rein naud, til til slike, for der er ingen annan utveg. Men skulle det ikkje vera nokon av dei kristne i Noreg som ville ofra litt «overflod» til å lindra naud også gjennom ein kasse som evangelistkassen? Det trengst, og det trengst fort!

Den enkeltperson eller venne| flokk som vil vera med å hjelpa, kan senda hjelpa til: S.A.misjonen sin felleskasserar Ågot Innvær 5420 Rubbestadneset, Bankkonto 1600.204.9965 Postgirokonto 2.03.10.29

Merk! Skriv kva pengane er til, så det ikkje skjer forvekslingar.

Inge Bjørnevoll            

 

 Copyright ® 2012 www.pymisjon.com