STARTSIDEN   VÅRE SIDER    MISJON    BOKPROSJEKTET   PARAGUAY   INDIANERNE   FILM   BILDER   SØK   LINKER   OVERSIKT   KONTAKT

    

Korsets Seier 26.september 1997

 

Sosialprosjekter og forkynning – del 3

 

Inge Bjømevoll er norsk pinsemisonær i Paraguay

 

Ordet «sosialt arbeid» dekkjer alt som har med mellom-menneskjeleg hjelp å gjera. Motivasjonen avheng av kva livssyn og innstilling dei har som utfører det. Det meste av det sosiale arbeid i Noreg vert utført etter reint forretningsmessige prinsipp: Stat og kommunar tilset folk som forskjelleg fagleg bakgrunn for å få arbeidet utført. Mange av desse utfører arbeidet fordi dei treng lønna dette arbeidet gjev dei. Nokre gjer det fordi dei kjenner glede i å hjelpa medmenne-skje. Andre har eit bevisst kall.

Me har eit kall frå Gud. Me kan kalla det «å leva Kristus i kvardagen», og det er like avgjerande for ein sosialarbeidar som ein forkynnar.

Eit diakonalt arbeid er eit sosialt arbeid. Men alle sosiale arbeid er ik-kje diakonale arbeid. Me står derfor overfor to uttrykk me ikkje må forveksla: Eit diakonalt arbeid vert utført på grunn av Jesu ord og eksempel. Det er ei oppgave knytt til nytestamentleg menighetsliv, og menigheten i Jerusalem tok dette arbeid opp svært tidleg. Apgj 6 fortel om dei første diakonane. Her var det matutdeling og organiseringa av den det gjall.

Her finn me eit skilje som kan vere grunnen til at ein del set forkynnargjermnga høgare enn diskonigjeminga: «Det er ikkje rett at me forsømar forkynninga av Guds ord for å jela ut mat .. (v. 2} Sjølve skal me via oss til bøna og tenesta ved ordet... (v.4). Men her er det ikkje snakk om nedgradering av den eine tenesta i høve til den andre. Det er snakk om forskjellene oppgaver i Guds rike.

I ei verd der svolt, naud. sjukdom og undertrykking er ein realitet til dagen, kven kan hevda at Gud ikkje har kalla sin menighet til å hjelpa? Me som høyrer til den rike delen av verda, til dei priviligerte, kvifor skal me ikkje satsa alt på å hjelpa dei som ikkje har det så godt som oss? Og kven kan, ut frå Bibelen, seia at dette er ei mindre åndeleg oppgave enn det å forkynne?

Det verkar som om ein misjonær i eit diakonalt misjonsprosjekt ikkje kan vera i Guds vilje eller tene Gud like godt som om ein er «verkeleg misjonær». Dette uttrykket er ikkje oppkonstruert her. Me møter det både heime og ute.

Den første martyren kan vera eit eksempel. Stefanus «var full av nåde

 

og kraft og gjorde store under og tekn mellom folket» (Apgj 6,8). Reint menneskjeleg sagt må dei skriftlære ha oppfatta han som den farlegaste av alle. Derfor greip dei han først. Enda han «berre» hadde ei diakonal teneste.

Det er derfor ikkje det vesentlege kva titlar me har, eller kva teneste me har reint ytre sett. Det vesentlege er kven me er og kva me er, kvifor og korleis me utførerer den teneste som me har fått av Gud. Det er ikkje automatisk forkynnaren som er største sjelevinnaren. Det kan like gjeme vera dørvakta eller søndagsskulelæraren. Det viktigaste er at kvar og ein er der Gud vil ha dei, når Gud vil ha dei der, og at dei gjer det Han ville ha gjort.

Matteus 25 handlar i siste delen om den store domen. Dit skal me alle ein gong. Domskriteria er enkle kjærleiksgjemingar: «Det de gjorde mot ein av desse minste brørne mine, det gjorde de mot meg». Det var slike som mangla mat og drikke, var framande, nakne, sjuke eller i fengsel.

Her kan me sikkert, uten å driva vald på Guds ord, inkludera alle dei diakonale misjonsarbeida våre. Og dei som er støtt av NORAD. Å hjelpa medmenneskje i naud er ei åndeleg oppgave i seg sjølv. Ho er verdifull også om ikkje mottakarane vert truande og medlemmer i dei kyrkjene me byggjer opp. Derfor er 6.000 sjuke som har fått hjelp gjennom det diakonale arbeidet, like mykje ei gladmelding som at 6.000 har vorte døypt og tillagt menigheten i same land.

Matt 7,22-23 fortel om slike som enda til har profetert, drive ut vonde ånder og gjort mekdge gjemingar i Jesu namn. Over alt i verda idag vert dette dijubla i store kampanjar, likeså vel som i enkle møte. For mange er dette å vera ein verkeleg forkynnar eller ein verkeleg misjonær. «Dei er brukte av Gud til stor velsigning», høyrer me. Likevel seier Jesus at det ikkje er ein garanti for at dei er i Guds vilje med sine liv! Jesu konklusjon er enkel: «Ikkje alle som seier til meg: Herre, Herre skal koma inn i himmelriket, men dei som gjer det Far min i himmelen vil».

Å vera i Guds vilje, og å gjera Guds vilje, er det viktigaste for arbeidet vårt heime som ute. Derfor både bør og kan diakonale prosjekt og forkynning framleis gå hand i hand. 

 

 

 

 

 Copyright ® 2012 www.pymisjon.com