STARTSIDEN   VÅRE SIDER    MISJON    BOKPROSJEKTET   PARAGUAY   INDIANERNE   FILM   BILDER   SØK   LINKER   OVERSIKT   KONTAKT

 

 Korsets Seier 1976 (?)

Framgang i misjonsarbeidet i Paraguay

 

Inge Bjørnevoll (?)

 

 30. juli er ein historisk dag for pinsevekkelsen i Paraguay. På denne dagen i 1939 vart første menigheten i landet ordna i heimen til Beda og Gunnar Svensson i Barrio Sajonia i Asuncion. Namnet vart den gongen "Iglesia Evangelica Pentecostal En Asuncion (Paraguay)", eller "Den evangeliske pinsemenighet i Asuncion (Paraguay)".

På veggen i menighetens store og fine lokale heng i dag avskrift av første møtereferatet. Med dei 6 dåpskandidatane denne dagen i 1939, talde menigheten 15 medlemer mcdrekna Gunnar og Beda. Det var uten tvil ein gledesdag for desse to pionerane som hadde kome til landet som dei første i 1938

Ikkje rart at i referatet er teke med eit «Halleluja»! Det står og at «på møtet rådde fullkomen harmoni og respekt».

Minnedagen i år var lagt til søndag 31. juli, og starta med minnemøte ved grava til fru Beda Svensson, død 1954, som kom aleine tilbake frå Sverige etter at mannen Gunnar var død der i 1948. Fru Quinones mintes dei år ho fekk såman med Beda og fortalde at dei siste daganc ho levde hadde ho berre snakka om Guds verk i Paraguay og det ho trudde fasl han ville gjera i framtida. «Ho var ein misjonær som meir enn de fleste ofra seg for si gjerning" sa ho. Gravsteinen si minneskrif  lyder elles: "Dei døde i Kristus skal først oppstå. Jesus kjem snart."

Sjølve høgtida var lagt til lokalet kl 18. Då temperaturen hadde gått fra 33 grader ein dag til 15 grader og i tillegg regnbyer neste, gjorde at mange vart heime. Trass dette var over 160 med.

Menigheten som i dag hetter «Filadelfia», tel over 450 medlemmer og har 4 utpostar innan hovudstaden, og 18 elles i landet. I desember 1969 vart det rike arbeidet i Sør-Paraguay delt frå som den andre menigheten gått ut frå arbeidet Svenssons grunnla. Ved sida av desse  har  landet  ei  tredje Filadelfia-menighet, grunnlagt av norske misjonærar og med sete i Ypacarai.

 

9 forstandarar har gjort teneste i menigheten i Asuncion til i dag. Dei er: Gunnar Svensson, Hno Otuza. Andres Perreira, Nils Ivan Kastberg. Sa muel Pusion. Cornelio Forneron, Rogelio Duprat. Leonardo Alderete og noværande Bruno Müller. Av svenske pinsemisjonærar har desse arbeidet her: Fam. Svensson. Fam. Nils Ivan Kastberg, fam. Per Olof Henriksson og søstrene Frida Peterson og Elisabet Hansson. Noværande forstandarfamilie. Müller, er utsende frå Sverige (Nyhem), og har støtte frå menigheier i Noreg og Danmark. Av norske misjonærar som har teke del, er først og fremst fam. Josef Iversen og fam. Lars M. Forland.

Den glade møtelyden denne dagen vitne om ein lovande menighet i utvikling. Dei eldre fortalde om den første tida og då mest om Svenssons gjerning. Dei mintes fru Beda som opplevde Lukas 14.15 ff. gjennom å innby folk i bydelen og alle lova å koma. Etter å glad ha samla stolar og benker, opplevde ho at ingen eller få kom. Ein annan sa: Det var anleis før. Då raste Satan mot oss med steinkasting og forfylging. No seier folk: "Me er alle brør og søstre", men det er berre Satan som har endra taktikk. Jesus kjem snart og me må vera ventande på han! Nemnt vart og at Beda gret ofte, og mest siste tida. Salme 126,6 vart lesen om dei som gråtande bær ut den dyre sæden, men som vender tilbake glade bærande sine kornband.

Til dette møtet var gjeve eit vakkert teppe til å dekka over dåpsgrava på nedre plattforma. Ei eldre søster hadde i året som var gått brukt fritida si til å sy forskjellige småting som ho så selde. Gjennom året fekk ho såman 10.000 guaranies (ca. 400 norske kroner) som teppet kosta. Eit levande teikn på kjærleik til menigheten og Gud! På møtet deltok menigheten sitt kor og ein typsik «conjunto» med sine gitarar og harpe og sang til glede og signing. Ellers vart bladet «El vencedor» presentert med sitt 35. nr. i 4. årgang etter å ha vore borte nokre år. Bladet vart starta etter initiativ frå dåværande forstandar Leonardo Alderete i 1968 og realisert med ein heil del skandinavisk hjelp. I dag er bladet nasjonal-finansiert ved eit samarbeid mellom  søstermenighelene   i Asuncion og i Sør-Paraguay, og er landets einaste trykte evangeliske menighetsblad. Forstander Bruno Müller W. står som ansvarlig redaktør og landet har med dette fått att eit sterkt våpen for sjelene si frelse.

 

Copyright ® 2012 www.pymisjon.com