STARTSIDEN   VÅRE SIDER    MISJON    BOKPROSJEKTET   PARAGUAY   INDIANERNE   FILM   BILDER   SØK   LINKER   OVERSIKT   KONTAKT

 

Korsets Seier , onsdag 8. juli 1981

 

Misjonsarbeidets primære mål

 

Inge Bjørnevoll

 

 Alt misjonsarbeid har som primært mål å byggja opp lovande og livskraftige menigheiter i landet det vert utført i. I dette er grunntanken: «Gjer alle folkeslag til læresveinar.» Vi skil tradisjonelt mellom sosialt og evangelisk arbeid, eit skilje som ikkje er heilt rett. I alle fall ikkje når, som ein stundom ser, dei vert oppstilte som motsetningar. Skulle ein sjå blindt på soga om den varmhjerta samaritanaren, var det ikkje nett då han, «sosialarbeidaren», som utførde Guds vilje? Både levitten og presten, utførarane av forkynninga og tempelteneslene, gjekk då kalde forbi! Jesus gav ikkje nett dei ros. Denne sosiale og evangeliserande delinga, gjer derfor eit uriktig bilete. Dei er to sider av same sak dersom dei er utførde i den rette ånd og med dei rette motiv.

Ei mykje meir naturleg deling ville vera statisk og dynamisk innsats. Med statisk meiner eg tusen nødvendige ting, så som vedlikehald av bygning, bygging (også av kirker). misjonærtid og pengar som går til all utanom det å vinna sjeler for Gud, og utvikla dei vunne til å vinna andre. Dynamisk innsats vert då det motsette:
Evangelisering, barnearbeid, bibelskular og alt arbeid som har til nærmål å vinna sjeler for Kristus. Det være seg sjukesøstre som plastrar sår og vitnar om Gud i Ord og handling, læraren som lærer borna å lesa og skrive og viser borna vegen, eller evangelisten og forstandaren i sine gjerninger.

Eg veit at vi aldri kan lata vera å bruke tid og pengar på statiske aktiviteter. Men eg har ofte undrast på om meg ikkje satsar mykje for mykje på nett dette.

Typisk for mange slike statiske aktivitetar er eit «langt borte» målsetjing. Me byggjar kyrkjehus på stader der det berre er ei handfull kristne i von om at ei menighet skal veksa og fylla kyrkja. Eit års eller halvårs byggetid og store investeringar legg band på dyktige folk som kanskje med same innsats i tid og økonomi kunne vunne mange for Gud. Kanskje kyrkjehuset og ville vorte mykje enklare og meir i tråd med dei nasjonale ynskje om menigheiten fekk byggja den sjølv når dei var mange nok til det! Dette var bare eit døme. Er me misjonærar «langtidsplanleggjar», eller er det ei flukt frå kampane?

Ofte verker det som misjonsvenene heime trur me misjonærar bruker 100% av vår tid til menighetsutveklande arbeid. Kanskje vår eigen informasjon nett har skapt delte bilde. Det var vel slike me gjerne ville væra! Likevel må vel dei feste av oss bekjenna; Det er ikkje slik. Så uendeleg mykje av vår tid og det meste av vare pengar går til statisk innsats. Me har store planar, lanserar heile prosjektet. men så vertl det heile stogga i utviklinga. Kanskje fordi me "sprang" frå del nasjonale. Dei maktar heller ikke å overta.

Desverre kan det synast som om slike planer ofte fører med seg i kjølvatnet naudrop, ekstra innsamlinger. forsert støtte. Ja, stundom kan ein undrast på om me pinsevenner må presenterast for ein «krisesituasjon»» før me tek djupt i setleboka.

Menigheitsvokstar er eit av dei emne i læra om misjonen (og heimearbeidet for den del), som er i fokus no. Særleg amerikanarane har gjort mykje her både gjennom sine «Churchgrowth» -bokklubbar og gjennom sine studiar om emnet. Kanskje Donad Mc Gavrans bok «Understanding church growth» kan kallast ein klassikar innen området. Men svært forenkla veit me alle at ei menigheit veks når nye vert lagt til og få går bort. Nett problemet for oss i mange misjonsland er at få kjem til og ein stor prosent fell frå undervegs. Det krevst ofte ein stor innsats med sjelesorg, husbesøk og forbøn for å «halda på medlemane». Ja, det krevst ofte ein stor økonomisk og tidkrevjande innsats i eit land som Paraguay med dårlege vegar (me treng dertileinga bilar), og medlemmer som flytter mykje.

 

Like innsatskrevjande i økonomi, i tid og krefter er den desentraliserte bibelopplæringa som pinsevekkelsen i Noreg tradisjonelt står for. Mange misjonsland møter det som TEE (Theological Education Extention - Desentralisert bibelopplæring). Målet her er å gjeva dei innfødde i sin eigen heimesituasjon bibelopplæring. Eit typisk nær-mål-arbeid i og med at kunnskapen straks kan brukast i det menighetsarbeid elevane står oppe i, og ikkje etter fleire års opplæring utanfor  sitt opphavlege miljø. Her kjem og det moment inn at mange fra landsbygda som kjem til byen på bibelskule, ikkje ynskjer å vende heim etterpå. Så tappast den menigheiten som treng det mest, sine evnerikaste folk.

I dette bilete kjem «aktivitetsfeberen» inn. Me må kunne fortejla om store resultat, om ikkje i vunne sjeler, så i innsats på andre område. Om ikkje i menigheitsutviklande aktivitet, så i statisk aktivitet eller arbeid. Me informerar om reiser me gjer, om planlegging, og vonar om at i år må det vorta mange sjelar frelst. Men realiteten for føregåande år med fire sjele frelste og to som giekk tilbake til verda, skriv med det?(Hadde prioriteringa sin tyngde vore lagd på sjelevinning og oppbyggjinga av kristenflokkane, ville kanskje bilete vore eit anna?

Planlegging av misjonsarbeidet er eit vanskeleg emna å klargjera melloa oss. Kvart felt og gjerne kvar misjonær, om vedkomande er sterk nok personlegdom, gjer meir eller mindre som han "føler", trass "Rettningslinjer for PYM", og eit rådgjevande overbygg av misjonskonferanser, arbeidsutval og misjonskontor. Teoretisk har me det ideelle utgangspunkt: Andens leiing. Likevel ser me at ved skifte av misnærar på ei stad, ofte fører til ei krise for dei nasjonale. Dor store skilnader på arbeidsmetoder, og også at den eine legg vekt på andre verdiar i arbeidet enn hin. Vi er forskjellige, heldigvis. Men overgangane kunne stundom vore minka ved ei meir eins målsetjing og planlegging i arbeidet. Vi har kalla det prioritering ofte på konferansane våre. Vi skal prioritera det eg kalla dynamisk rnenigheitsutveklande arbeid. sjelevinning og opplæring av dei nasjonale kristne og sjøvstendiggjering av desse.

Fylgjer så den økonomiske prioriteringa same retningslinjer? Kva fordeling er det av arbeidstida vår i så måte? Tenkjer me oss at også misjonærar har ein 8 timars arbeidsdag, kor mange timar går til menigheitsutviklande arbeid? Desverre, ein liten prosent.

Eg har før i denne kronikken streifa pinsevekkelsens økonomi. Me må vel tru at også pinsebevegelsen har ei maksimumsgrense for økonomisk yteevne. Det har vore store innsamlingar til føremål både ute og heime, både til statiske verdiar og til krisetiltak. Prisane går stadig opp verda over og me må rekna med ein ikkje liten auke i utgiftane for å få utføre det same som me gjorde i fjor. Teoretisk vil tienden auka med lønningar, og «det heilage gaver» skulle fylgja med. Likevel er vi truleg kome til eil tidspunkt der prioritering må spela enda større rolle enn før i arbeidet. Her er det nett ynskje at me målte kunne frigjera både verdifull misjonærtid og midlar frå statisk innsats til menigheitsutvikling.

«Jesus kjem snart». Utan å gå til nokon ytterkant, så må teikna i tida tilseia at me arbeider mot kortsiktige mål. Me må vinna flest mogeieg. NO! Læra dei opp best mogleg, sjølstendiggjera dei, låte dei stå på eigne bein, snarast moleleg osv.. Og her: Måtte Gud hjelpa oss å be mest mogeleg så vårt verk kunne vara ved. «Give us the tools. we will do the work.» «Gjev oss verktøyet, skal me gjera arbeidet" Eg fekk eit misjonsblad frå Japan i handa for litt sidan, og der stod dette sitatet av Churchill. Og det brann i handa. Gud hjelpe oss!

Det er no vi gjera ein innsats. Neste år er kanskje landet stengt eller prisane auka så mykje at aktivitetane må skerast drastisk ned.

"Gud lær meg å satsa maksimalt på rett måte, på rett stad og til rett tid".

 

Copyright ® 2012 www.pymisjon.com