STARTSIDEN   VÅRE SIDER    MISJON    BOKPROSJEKTET   PARAGUAY   INDIANERNE   FILM   BILDER   SØK   LINKER   OVERSIKT   KONTAKT

 

KORSETS SEIER, fredag 3.april 1987

 

  tema

IBRA RADIO

IBRA står på

 

Inger Johanne og Inge Bjørnevoll 

 

I dag brev frå Sør-Paraguay, frå Esteban Laniec som no er tilbake på plass. Etter ei tid her i Skandinavia, i Danmark (der dei er sende ut frå), i Sverige og i Noreg, er han tilbake i kyrkjelyden der sør på grensa mot Argentina.

Kva fann han?

Arbeidet har gått fram, trass ein del problem. Ved nyval i kyrkjelyden han sa frå seg som førstepastor  (pastor/president) då han reiste heim har han vorte ansvarleg for evangelisering og radio.

Kyrkjelyden visste kva dei gjorde. Som forstandar etter Bruno Müller (som hadde omkome i ei trafikkulukke), var alltid mottoet: Vi må evangelisera.

Nye stader måtte nåast med evangeliet. Nye område må dekkast med bodskapen gjennom eteren. Sjølv om arbeidet voks og kyrkjelyden     voks     over 600-grensa. over 700-grensa og no over 800-grensa. var målet der: Vi må nå nye!

Tenk 800 medlemer spreidde i fire fylke. Dei kan ikkje skilja ut og laga nye kyrkjelydar juridisk på grunn av vanskar med å få dei lovleg godkjende i landet sitt KUD. Men nye utpostar og nye område kan nåast heilt fritt, for landet ligg ope for evangelisering.

Heilt fritt er forresten feil. Det kostar bøn og faste. Det krev arbeid åndeleg og fysisk.

 

Det krev studio til å lage program i, og det har dei fått i San Ignacio. Det krev opplæring av nye medarbeidarar. Det krev bilar, tid og pengar til å kunna reisa og vitja dei som skriv. Det krev også mykje, mykje meir av daglege store og små oppgaver.  Likevel, landet ligg ope. Me må evangelisera.

Nye eldstebrør er skilde ut dette året. Flokken nærmar seg 30. Nye evangelistar som skal arbeida, er skilde ut. Diakonar og diakonisser. Men dei fleste står for små flokkar spreidde utover. Berre annankvar månad samlast forstandarar, eldste og bønneringsleiarar til eldstemøte i Encarnacion. Då planlegg dei nye evangeliseringskampanjar   og nye framstøytar over radioen. Då samlar dei og inn det som den enkelte små bønneringer saman med dei større, har greitt å leggja av til radioarbeidet. Dei er med, saman med IBRA.

Dei siste radioevangelistane me lærde opp, står på. Dei har gløden. Ber og fastar for å få bodskap. Ber dei brennande fram. Jublar når det kjem brev. For det kjem ikkje mange, men ein del. Og kjærkomne er dei, enten dei personlege kontaktane. breva eller telefonane.

Skjønar du at me her i familien er glade? Skjønar du at dei ute er glade? IBRA står på.

Takk. IBRA for den trufaste innsatsen. Takk, IBRA-ven for det du har betydd heime og ute! Lat oss forsetja. Det er nye som må nåast.

 

 Copyright ® 2012 www.pymisjon.com