STARTSIDEN   VÅRE SIDER    MISJON    BOKPROSJEKTET   PARAGUAY   INDIANERNE   FILM   BILDER   SØK   LINKER   OVERSIKT   KONTAKT

 

  KORSETS SEIER,  JULEN 1980

  Ein radiomisjonærs dagbok

 

       Inge Bjørnevoll

 

No har me vore fem dagar i Pedro Juan Caballero og har hatt fem møte også. Ein dag var me på radiostasjonen (ZP 15) då programmet gjekk ut. Br. Marcos preikar alltid på direkten, og det gjekk fint. Eine dottera har han lært opp til hallodame.

Marcos preikar alltid på direkten

Eg har teke opp tretten preiker med ham til bruk på dei andre stasjonane våre. Skal mixa dei når eg kjem ned att.

Eg har vist filmar om kveldane. Mykje folk og stor søknad, men ingen som overgav seg til Gud på møta denne gongen. Menigheten synes å vera i god gjenge.

Ca. 10 mil nord for Pedro Juan Caballero ligg byen Bella Vista. Der opplevde Bergljot Nordheim (då Normoen) vekkingstider for mest 30 år sidan. Me sette kursen dit i dag. Br. Marcos fylgde oss ut av byen P.J.C. med med motorsykkelen sin for å sjå at me kom på rett veg. Først køyrde me gjennom 4 mil bygjande grasslette med små vakre dalar innimellom. Ein stad sprang to strutsar (nandu) attmed bilen eit langt stykke. Dei heldt mellom 30 og 40 km/t, og gjerdet gjorde at dei ikkje fann plass å stikka av med det same. Fine fuglar.

Me køyrde gjennom Brasil og kom fram i siestaen. Byen er mykje lik Pedro Juan Caballero, berre det at den brasilianske og den paraguayiskc delen er skilt med elva Apa. 

Broder Florentin tok vel mot oss. Han har ti born, og der var fullt hus. Ei dotter var der frå Sao Paulo med familien sin. Florentin er halvt paraguayar og halvt brasilianar, og snakkar like godt guarani, spansk og portugisisk. Han står aleine her, og har stått slik i fleire år. Vitjingar er sjeldne.

På møtet var 20-30 samla, når me tek med borna. Hadde ei god stund.   Både   broder  Vidal, evangelisten som var med meg, og eg måtte preika. Og så skøvtte Florentin på minst like mykje. Ingen møtetrøytte miner av den grunn!

Etterpå var det eit enkelt og varmt «far-vel» med dei alle i måneskinet utanfor huset. Byen har ikkje innlagt elektrisk lys, og petromakslampa hang att inne. Månen lyste opp for oss.

Me køvrde attende på den paraguayiske sida av grensa, mot Eben-Eser.

 

Kom fram i 23.30 tida. Såg snurten av ein rev, og elles dei vanlege kyr og hestar.

Søstrene Gunvor Westgaard og Henny Marie Rasmussen innlosjerte oss på hospitalet. Figuerero sine var ikkje på stasjonen då dei var i Pedro Juan Caballero og handla.

Me dusja og vaska av tjukke lag av raudt støv som inngår ei kjemisk (?) blanding med varmen. Det sit i alle fall godt fast. Eg vonar at det ikkje har kome inn i filmapparatet og lydbandet. Eg har pakka det så godt eg kunne i plastsekkar utanpå varetrekka.

Fredag...

Det var mørkt då me var framme der me skulle ha møte. Det vil seia at det skulle ha vore mørkt, men månen lyste godt opp i landskapet i kveld og. Og så var det mange bål langs vegen. Det er tid til å rydja skogen og laga åkrar. Skata flamma og glødde og åt seg bortover markene liksom. Sterk vind hjelpte på. Til all lukke brenn ikkje skogen her ute vanlegvis.

Me var inne og helsa på kona i huset då me kom. Bilen stod på vegen og me hadde gått dei 200 meterane utan lykt. Her er mange born. Den minste er fem år. Kona sjølv sit lam frå livet og ned.

Desse folka vart frelste ved å høyra radioprogramma. Dei kjende både norsk IBRA sine frå Pedro Juan Caballero og Caacupe, og svensk IBRA sine frå Concepcion. Gjennom eteren hadde Livets Ord kome inn i dette huset, som slik var ramma av sjukdom og sorg.

Huset var enkelt. Eit rom i hovedbygget, og hin halvdelen utan vegger. Eit typisk paraguayerhus. Stråtak og stokkar frå skogen til å bære veggene oppe. På veggen inn mot soverommet, tett med døra slik at både dei inne og dei ute kunne høyra, stod radioen på ei lita hylle. Ei antenne gav bra mottakartilhøve. Det var etter måten bra tillaga.

Møtet var som vanleg. 15 menneske kanskje. Kanskje tre til inne som eg ikkje såg. Tale og sang. Ein bror i menigheten leidde. Broder Vidal talte. Eg kom med ei helsing.

Og som så ofte her, så hadde desse noko å gjeva dei som kom. Oppe i frukttrea hang store og søte appelsiner, så det var berre å plukka ned og forsyna seg. Så var det farvel og vegen tilbake til misjonen. Ein del av vennene fekk sitja på med oss og gjekk av med stiane inn til husa sine. Dei siste var ein bror med ein ryggskade og ei døvstum jente. Ho lyste opp som ei sol når me song, så ho måtte registrera noko.

 

Copyright ® 2012 www.pymisjon.com