STARTSIDEN   VÅRE SIDER    MISJON    BOKPROSJEKTET   PARAGUAY   INDIANERNE   FILM   BILDER   SØK   LINKER   OVERSIKT   KONTAKT

 

Korsets Seier 27.september 1972

 

Merkedagar for pinserørsla  i Paraguay 

 

Inge Bjørnevoll

 

 19. og 20. august gjekk inn i historia som merkedagar for pinserørsla i Paraguay. Menigheten Filadelfia, Encarnacion, innsette desse dagane eldste, tenarar og evangelistar og markerte seg dermed som sjølvstendig ordna menighet.

Arbeidet i landsdelen er ikkje nytt. Men då Bruno Müller, støtta frå Trøgstad pinsemenighet, kom hit for om lag fem år sidan, låg arbeidet  så godt som nede.

 

Leiande brødre som gjestar menigheten saman med dei lokale, i bakgrunnen det enno ufullførde lokalet.


 

Gjennom desse åra har så menigheten vekse til 160 medlemar, fordelt på 20 stader. Sju gudshus høyrer til arbeidet, nokre av dei enno ikkje helt fullførde.

Til for kort tid sidan stod veneflokken under Filadelfia, Asuncién, men etter ynskje frå leidande brør i modermenigheten, vart flokken skilt ut.

Festsamvera tok til laurdag ettermiddag og varde til sundag kveld med i alt fem møte.  

Frammøtet var godt, trass i dårleg vær og at lokalet til festen ikkje hadde vindauga eller dører. Frå fyrste stund var samvera signa av Guds Ånds nærleik, og både innsetting og bibelundervisning står som rike minne.

Modermenigheten var representert ved leidande eldste, Juan Alderete. Leidande brødre frå argentinsk og brasiliansk pinserørsle saman med brasiliansk misjon i Paraguay, var med. Den svenske pionermisjonæren Sture Anderson kom heilt frå Salta (Argentina) for å delta saman med den danskutsende Bengt Axell (Misiones,    Argentina). Frå NORMA møtte feltrepresentanten Oddmar Byberg og underskrivne.

Dei innsette brørne er av relativt ung åndeleg alder, dei yngste heilt ned i to - tre år. Men dei har synt stor mogning og iver for Guds sak, og med dette som grunn, saman med tillit til Guds leiing, var det viktige steget teke. Lat oss be for våre nyinnsette brødre, deira menighet og for Margareta og Bruno Müller, som verk i Paraguay.

 

 

 Copyright ® 2012 www.pymisjon.com