STARTSIDEN   VÅRE SIDER    MISJON    BOKPROSJEKTET   PARAGUAY   INDIANERNE   FILM   BILDER   SØK   LINKER   OVERSIKT   KONTAKT

 

KORSETS SEIER, 21. februar 1971

 

UTBYTTERIK FELT-KONFERANSE I PARAGUAY

 

Se flere bilder HER

  

Den årlege feltkonferansen i

Paraguay vart halden i Paso Cadena 20. - 22. januar. 15 av 16 misjonærar kunne møta.

Formiddagen var avsett til andelege emne. Oddmar Byberg tok fram temaet: ,,Å ha del med Jesus og i han". Han kom inn på dei ymse sider ved tilhøvet til vår Frelsar og Herre. Særleg understreka han den lidingssida Paulus skriv om i Fil. 3, 10; 2. Kor. l, 5; Kol. l, 24.

Arbeidet for Guds sak fører med seg smerter for arbeidarane, og me må ikkje draga oss unna. ,,Dei som får del i herlegdom og rikdom, som er åndeleg sigrande, får og del i lidinga for menighetsarbeidet," sa vår bror.

Knut Stuksrud kasta lys over emnet ,,For Kristi domsto". Var Gud nøyereknande med reisinga av Tabernaklet i gamal tid, er han enda meir nøye med bygginga av menigheten, det største under på jorda. Til slutt skal vi få løn etter truskapen i det som vi har fått å forvalta, og Gud er den som domer rettferdig, var konklusjonen på innlegget.

Lars M. Førland tok fram teksta i Matt. 17, 1-8, der nokre av læresveinane sikkert fekk ein av sine største opplevingar. Som Peter der fekk sine planar og ynskje knust, må Gud stundom gjera med oss. Det må vera vår bøn at me i alle livssituasjonar høyrer røysta frå himmelen. På den måten kan me gjera den gjerningen me er kalt til.

I samtalene etter innlegga vart ymse sider tekne fram. I det heile rådde Guds underfulle Ånd, og bønene kom frå hjarta: Gud, ha du din veg i alt! Før oss etter din vilje og plan. Openberra deg og lat oss få høyra di røyst i alt!

Ettermiddagsesjonane var avsette til praktiske ting. Spørsmålet om norsk skule for misjonærborna var oppe. Behovet er til stades i dag, og for å få snarast mogeleg løysing på det, fekk Knut og Ingrid Stuksrud i oppgave å arbeida vidare med spørsmålet når dei kjem heim til Noreg.

Tilhøvet til den nasjonale pinsevekkinga er god og samarbeidet vidstrakt. Det er einighet om å halda fram etter same lina. ,,Vi må gjera oss sjølve overflødige og vera viljuge til å gå som tenarar mellom tenarar. Målet er full integrering i den nasjonale vekkinga ein gong i framtida når ho er mogen til å overta," vart det sagt.

Tredje store saka var rekneskapane på feltet. Denne oppfordringa vart vedteken:

1. For alle midlar som vert sendt til Guds sak her, ber vi om ei særskild oppgave frå våre misjonskasserarar.

 

Denne oppgava må vera slik at vi kan bruka ho til bilag for rekneskapane.

(Alle private opplysningar, oppgave over underhald, private gaver til misjonæren mm. må ikkje førast opp på denne.)

2. På oppgava må kursen på US dollar for dagen pengane vert sende, stå (l US dollar = i norske kr.).

3. Alle bidrag til arbeidet og til misjonærar ber me om vert sende gjennom våre misjonskasserarar, dette for skuld våre reknskap og for å letta arbeidet for felleskasseraren.

4. Alle utsendarmenighetene vart bedt om å senda minst ein representant til Sør-Amerika- konferansen, så dei kan få eit så fullstendig bileie av arbeidet som mogeleg.

Av mindre saker som var framme, kan nemnast desse: Dei nye misjonærane, fam. Bjømevoll, går inn i arbeidet i Paso Cadena. Søster Eva Sagen er venta til feltet med det første. Anna Strømsrud er venta ut dette året, og går då inn att i arbeidet mellom indianarane på Ebeneser. Fam. Førland, fam. Iversen og fam. Stuksrud står for heimreise. For Førlands tek Gunnvor Westgård over arbeidet med barneheimen i Ypacarai. Ho tek over bibelkurset Førland har drive. I staden for Iversens vert innfødte brødre innsett. Dei overtek og hans bibelkurs. For skuld avløysingsvanskar har fam. Stuksrud lova å stå enno ei tid. Av same grunn vedtok konferansen å arbeida med å få ut eit nytt ektepar snarast.

Som kjend har misjonærane late N.O.R.M.A. vera juridisk eigar av tomtar, bygningar m.m. På generalforsamlinga for denne vart planane på byggesektoren godkjende. Nye bygg som er fullførde, er kyrkje i Atyra og eit bygg med m.a. husvære for Solveig Oyrås og Gunnvor Westgård i Ypacarai. Valet fall slik ut:
President, Oddmar Byberg, vise-president, Inge Bjømevoll, sekre-tær og kasserar, Kjellaug Sjølund, fyrsterevisor, Gerda Lillian Aardalen, annanrevisor, Gunnvor West- gård. Presidenten for N.O.R.M.A. vart og valt til feltrepresentant.

Staden Paso Cadena gav framifrå tilhøve for konferansen, og den praktiske sida vart teke hånd om av fam. Norheim på beste måte. Dei tilreisande fekk setja seg inn i det interessante og allsidige arbeidet på stasjonen.

Ny konferanse vert halden i Atyra i februar 1972.

For feltkonferansen 1971,

Ingrid Stuksrud, referent

Inge Bjømevoll, referent

 

 Copyright ® 2012 www.pymisjon.com