STARTSIDEN   VÅRE SIDER    MISJON    BOKPROSJEKTET   PARAGUAY   INDIANERNE   FILM   BILDER   SØK   LINKER   OVERSIKT   KONTAKT

 

Korsets Seier 26. februar 1969

 

Inge Bjørnevoll reiser til Paraguay

 

Tak vare på mi sjel!» (Salme 86. 2.) 

 

 Det er David som ber slik. og eg gjera det til mi bøn. Som blomen står fager og full av liv om morgonen, såleis er me menneske og. Men av den same blomst kan me og læra at den brått er avsvidd og død. Ingen velt kor lenge nådetida varer eller kor lang tid vi har til arbeidet for å berga dei sum vert førde mot fortapinga av mørkheims åndeher. Moses visste kor fort tida gjekk, og han bad til Herren: Å telje våre dagar, det lære du oss, so me kan få visdom i hjarta.» Måtte Herren lære oss alle denne løyndomen.                    ;

Første gongen eg møtte kallet til teneste, var under ein lenger sjukdom som 6-7 års gut. I mi barnetru sa eg «ja» til eit kall eg enno ikkje kjenne fullt ut. Eg visste berre at det var å arbeida for Jesus og fortelja om han. Då eg i dei siste barneåra og første  ungdomsåra kom bort frå barnetrua, var det som livet hadde mist si meining. Også i desse åra kunne kallet koma fram i mitt indre og skapa lengsel. Ein av dei største og mest gledelege dagar i mitt liv fekk eg så då eg på ny bøyde meg ved korset. Det var i Volda hausten 1962, og eg var 17 år. Eg gjekk då på lærarskulen. Anden sitt kall til å gå vegen vidare, kom snart, og våren 1964 let eg meg døypa med bibelsk dåp. Frå statskyrkje- og indre-misjonsmiljø gjekk eg inn i pinsemenighcten i Ebeneser, Volda. Ikkje lenge etter fekk eg oppleva røyndomen av den krafta Jesus lova sine: Dåpen i den heilage Ande.

I denne tida som personleg kristen har eg av Guds nåde fått vore med i arbeidet for han. Både i mitt eige liv og i andre sine liv har eg fått se at dette eldgamle evangeliet ikkje har mist si kraft. Kallet har og vorte retta meir og meir tydeleg mot Paraguay og mot Paso Cadena, og i det var ei stor glede å få vita at Filadelfia, Ålesund, har teke på seg utsendaransvaret. Saman med kona, Inger-Johanne    Strøm Bjømevoll, som vert utsendt frå Tabernaklet. Bergen, er bøna at me må få koma ut til dette arbeidet så snart råd er.

Men framfor alt er det vår bøn at me alltid, kvar me er, må vera arbeidande og himmelvende i den tid me har fått. Guds miskunn er betre enn livet.

 

Anbefaling

Det er en stor glede for oss å gjøre kjent at menigheten i Filadelfia. Ålesund, i sitt menighetsmøte 21 januar d. å. antok Inge Bjørnovoll som sin utsending til Paraguay.  Vår  bror er  fra Hordaland, men har i flere år i bodd på Sunnmøre, først i Volda hvor han gikk lærerskolen, og siden som lærer l Tennfjord utenfor Ålesund. Han har ved siden av sin gjerning i skolen vært aktivt med i menighetsarbeidet på menighetens utpost Saron, Vatne, likeledes reist rundt i distriktet og holdt møter i helgene. Når han nå har gjort kjent sitt kall til misjonsmarken, var det naturlig for Filadelfia. Ålesund, å anta ham som sin utsending. Vi kan ikke påta oss hele det økonomiske  ansvar,  men håper på støtte fra andre menigheter. Fra før har menigheten misjon i Kongo.

Når broder Inge Bjømevoll sammen med sin hustru Inger-Johanne Strøm Bjømevoll, som har Tabernaklet. Bergen, som sin utsendermenighct til sommeren og høsten vil besøke menighetene i landet, håper vi at alle vil ta godt imot dem.

 

For   menigheten   Filadelfia, Ålesund.       

 

Paul Pedersen, eldste, Arne Ulik, eldste, Alfred Ekornås, eldste, Odd Kavndal, forstander 

 

 Copyright ® 2012 www.pymisjon.com