STARTSIDEN   VÅRE SIDER    MISJON    BOKPROSJEKTET   PARAGUAY   INDIANERNE   FILM   BILDER   SØK   LINKER   OVERSIKT   KONTAKT

 

Korsets Seier 7. november 1973

 

Hilsen fra Paraguay

 

Josef Iversen 

 

I et privatbrev skriver misjonær Inge Bjømevoll bl. a.:

”I misjonærmøtet var ulykka i Caacupe oppe. Meininga var at kan det unngåast å selja den fyrste tomta, så vil ein det. Det er kome melding om 14000 kr. til no. Meir trur me kjem. Elles er alt vel. Livet går sin faste gang. Me driv kvar med vårt. Eg og konsulen (Rita) har vore hjå Samaniego i Ministerio de Obras Publicas y Telecomunicaciones i dag. La Industrial Paraguay S. A. vil taka jorda frå indianarane i Paso Cadena. No er det arbeid i gang med at dei skal få eiga jorda framleis og få tittel på henne. Vi vonar at det med Guds hjelp skal gå."

Om evgl. Ozuma: ,,Eg har skrive ein ,,contrato privado" med han der han skal arbeida minimum laurdag og sundag hjå oss, totalt 10 dagar i månaden, og han skal ha 3000 GS. pr. månad. Full evangelistløn er no rundt 7 000 GS, så eg rår ikkje til å skaffa mindre enn 350 kr. fast for månaden. I dag gjekk til dømes minstelønene opp 15%, og det tilseier vel at vi set opp evangelist-lønene og. 

 

Prisane går jamt oppover. Kveitemjøl er det ikkje råd til å få ei veke innimellom. Det er mangel og ikkje så lite priskrig med regjeringa som har fastsett minste prisar på mange ting.  Levekostnaden har gått mykje opp siste året, og det er rett at me legg på.

Altså: Ein evangelist treng minst 350 kr. pr. mnd. og kan henda om ikkje lang tid, 400 kr.

Frå Concepcion får me gledelege nyhende. Det er fin framgang der oppe, og sjeler vert frelste og døypte i vatn jamt. Her har elles vore fleire gledelege ting i det siste på feltet. Kjell-Arne Johansen vitnar  om  framgang oppe i P. J. Caballero. I Ypacarai er det og ei fin tid med fleire frelste ungdomar, og i Tobati fekk me be med to ektepar då me hadde den litteraturveka. Må det koma eit Herrens ver over dette vakre landet! Me ber sikkert alle om det."

Vi synes det var så mange nyttige og interessante ting i dette brevet at også K S's lesere burde få del i det. 

 

 Copyright ® 2012 www.pymisjon.com