STARTSIDEN   VÅRE SIDER    MISJON    BOKPROSJEKTET   PARAGUAY   INDIANERNE   FILM   BILDER   SØK   LINKER   OVERSIKT   KONTAKT

                                                                                    

Korsets Seier 1971 (?)

 

Lårdøler med på misjonsarbeid i Paraguay

 

Ungdomar med fast arbeid og eige hus her heime kan ikkje stå imot ropet frå urskogens forkomne

 

Misjonskandidatane Gunvor og Iskald Skretting er frå Sannes i Stavanger, og pinsemenigheten der står som utsendar for desse to. Men då dei skal til Paraguay, og der gå inn i arbeid saman med Anna Strømsrud, som er pinsemenigheten i Lårdal sin eigen misjonær, kom dei i kontakt med menigheten her, som også sa seg viljug til å støtte desse nye misjonærane med ein årleg pengesum.

Det er elt vilt og formørka folkeslag Anna Strømsrud har fått lagt på sitt hjarta. Det er indianarar frå Sør-Amerikas urskogar. Det er tredje bolken ho nå er komen i gang med der nede i Paraguay, og ho er komen godt i gang med å starte ein ny misjonsstasjon der langt inne i skogane blant dette primitive folkeslag, som ho elskar og som ho sjølv uttrykker det, er hennar eige folk.

Nå får ho altså hjelp i arbeidet av desse to varmhjarta ungdomane, som vil få hendene fulle. For det er ikkje berre det evangeliske arbeidet det spørst om

.

 

blant dette forkomne folket. Det er like fullt det sosiale. Dette må gå hand i hand om misjonæren skal få inngang blant dette folket som lever så primitivt og fattig eit liv 

— Vi må få dei ut or skogane, seier Anna Strømsrud. — Vi må tå noko å by desse armingane. Og nå har det kome flott på glid. Anna Strømsrud har på ein mirakuløs måte fått både kjøpt og betalt ti tusen mål jord! Her var det då tanken å rydde og dyrke og få i stand heim og hus til dei indianarane som det er råd å få tak i. Og som nemnt er dette foretaket kome godt i gang. Men — det meste står att. Og nå har det altså laga seg så fint at forsterkninga snart er under vegs. Skrettings skal reise ut i februar. Då ligg det best an med omsyn til klimaet, fortel han. Det vil nok bli litt av ei påkjenning for vesle vel året gamle Olav, og det er sikkert mange fårer som lurer på ein slik liten lyshåra tass der nede blant millioner ville indianarar. — Men Gud som har kalla oss er og mektig til å bevare oss, kjem det stillsleg frå den unge, smålåtne Skretting. — Enda det sikkert ikkje er utan angest iblant han legg ut på slik vågal ferd med så dyr ein «bagasje» som Olav og Gunvor.

Likevel stundar del til å få kome ut og kome l gang med arbeidet, desse to, enda dei har bygd seg hus her heime, har fast arbeid og alt har lagt seg til rette for eit rolegt, trygt levesett. Men røysta, repet frå   urskogens forkomne stamme, overdøyver alt anna h j å desse varmhjarta, Gudgripne ungdomane.                    

 

 Copyright ® 2012 www.pymisjon.com