Mi
tante, Inger-Johanne Strøm,
vart fødd i 1944 i Bergen.
Foreldra hennar var Rut og Gunnstein
Strøm, og dei hadde 5
born: Thor, Inger- Johanne,
Ingolf, Ann- Elise og Solfrid.
Fra
begravelsen den 16. April 2021
Inger- Johanne fekk
tidleg ansvar, fordi mora var
mykje sjuk. Familien flytta
til Sædalen, der Inger-
Johanne vaks opp. Ho vart etter
kvart aktiv i Pinsemenigheten
Tabernaklet i Bergen, både
i ungdomsmusikken og elles i
barne- og ungdoms-arbeidet.
Som
ungdom fekk Inger- Johanne misjonskall
til India. Ho valde derfor å
utdanna seg til sjukepleiar
på Betanien i Oslo. Men
så vart India stengt,
og Inger-Johanne fekk eit nytt
misjonsland, Paraguay i Sør-
Amerika. Ho hadde då treft
Inge Bjørnevoll frå
Lindås. Han hadde også
kall til Paraguay, og etter
kvart gifta dei seg. Det unge
paret reiste ut som misjonærar
til Paraguay i 1970. Tre av
dei fem borna deira vart fødde
i Paraguay. I 1972 overtok paret
arbeidet på misjonsstasjonen
i Paso Cadena. Misjonsstasjonen
var ein gamaldags stasjon, med
jordbruksmark på 3000
mål, kveg, sagbruk, skule,
sjukestove/ poliklinikk og menighet.
Inge hadde ansvar for drift
og skule, og Inger-Johanne styrte
poliklinikken, og fungerte som
sjukesøster, og av og
til som « lege»
og som tanntrekkjar! Over 1/3
av indianarane i området
hadde tuberkolose, og Inger-Johanne
hadde ansvaret for vaksinasjonsprogrammet
blant indianarane i Paso Cadena-
området.
Paret
flytta etter kvart til Caacupe,
der Inger- Johanne og Inge oppretta
eit Evangeliseringssenter, der
dei laga materiale for søndagsskule
og brev- bibelskule. Etterkvart
starta dei å lage program
for Ibra-radio. Programma vart
sende på mange lokale |
radiostasjonar
rundt om i Paraguay i årevis.
Såleis fekk svært
mange paraguayarar kjennskap
til arbeidet. Inger-Johanne
og Inge var også ansvarlege
for eit lærebokprosjekt
for forskjellige indianarstammar
i Aust- Paraguay, der dei m.a.
laga ABC og barnebøker
på ulike indianarspråk.
Fleire i slekta vår var
ute og besøkte tante
og onkel i Paraguay, det var
ei stor oppleving for dei som
reiste.
Inger-Johanne og Inge
reiste heim for godt i 2009.
Dei budde på eit småbruk
på Vangsnes i Sogn i mange
år, og var aktive i kristent
arbeid der inne. Heile tida
samla dei inn pengar til misjonsarbeid,
helst til Paraguay. Inger- Johanne
og Inge fekk etter kvart barnebarn,
og ho hadde omsorg for alle.
Bestemora var flink å
laga mat, og barnebarna fekk
ofte vera med ho å laga
til. Inger- Johanne og Inge
hadde kontakt med svært
mange, og på Vangsnes
hadde dei hadde alltid ein open
heim for folk som kom innom,
frå fjern og nær.
I 2018 flytta Inger-Johanne
og Inge til Knarvik, der dei
kjøpte seg eit hus. Der
likte Inger- Johanne seg særs
godt, og var aktiv i pinsemenigheten
Betania i Knarvik. Ho var også
engasjert og støtta arbeid
i Israel, og paret var fleire
gonger i Israel.
Inger-Johanne
hadde fleire kroniske sjukdommar,
og mykje smerter. Men ho gledde
seg likevel over å kunne
gå på fjelltoppar,
etter å ha teke to kneoperasjonar.
På sommaren 2020 fekk
ho smerter i magen, og i mars
2021 fekk Inger- Johanne vita
at ho hadde alvorleg kreft.
Etter kort sjukeleie, sovna
ho stille inn med sine kjære
rundt seg. Tante Inger- Johanne
etterlet seg eit stort tomrom.
Ho var alltid så full
av liv, var unik, ekte, uredd,
raus, omsorgsfull, kjærleg,
nær, ærleg, trufast,
engasjert og fargerik, og mykje
meir, som borna sa i minnetalen.
Ho tok alltid den svakaste si
side. Tante ville hjelpa når
ho kunne, og hadde alltid ei
utstrekt hand til dei som trong
det. I alt dette hadde Inger-
Johanne og Inge ei sterk og
sann Gudstru, som viste seg
i gjerning. Ei tru som heldt
like inni døden. Tante
Inger- Johanne har fått
flytta heim, og der skal me
få møta ho igjen
ein dag.
Mine
varmaste tankar går til
onkel Inge, Bjørn Inge,
Gunn Randi, Mia, Unni og Gunstein,
som har mist ei kjær kone
og mor. Eg lyser fred over tante
Inger-Johanne sitt minne.
Bjarnhild
Lygre Sjo
Inger-Johanne
Strøm Bjørnevoll
til minne |