STARTSIDEN   VÅRE SIDER    MISJON    BOKPROSJEKTET   PARAGUAY   INDIANERNE   FILM   BILDER   SØK   LINKER   OVERSIKT   KONTAKT

 

 Korsets Seier: PYMS ARBEID l PARAGUAY 1998 XIII

Lettvinte løvsingar eller bevisst planlegging?

 

INGE BJØRNEVOLL

 

I Paraguay er me midt oppe i ei gjennomgripande nasjonalisering. Me arbeider med to folkegrupper: Indianarar og mestisar. Dei siste er blandingsfolk, normalt etterkomarar av indianske mødre og europeiske fedre.

Arbeidet mellom mestisane er formelt overlate til dei. På siste årsmøtet for Filadelfiakyrkja vart eigedomane overlatne.

Indianararbeidet ventar på at indianarane skal få godkjendt si eiga kyrkje av staten, under namnet Indianarkyrkja Filadelfia, med senter i Fortuna, Curuguaty. Når desse papira er klare, vil eigedomane i Paso Cadena og Curuguaty verta overlatne til indianarane.

Det har i denne situasjonen vorte sagt at «No er arbeidet nasjonalisert». Kyrkjer heime har hevda at dei dermed er frie til å senda sine misjonærar og sine pengar til nye stader og nytt arbeid. Men ingen ting er meir misforstått enn dette.

 

Kva er nasjonalisering?

Det er viktig at ein tek tid til å setja seg inn i kva nasjonalisering eigentleg er. Det nasjonaliserte arbeidet har tydelege kjenneteikn:

  1. Sjølvstyrt.
  2. Ført vidare uten hjelp utanfrå.
  3. Sjølvfinansiert.

I den situasjonen me er nett no, er første kravet oppfylt. På siste årsmøtet valde delegatane for første gong ei leiing uten ein einaste misjonær.

Det andre er berre delvis oppfylt: Framleis er arbeidet avhengig av misjonærar som kan stå med som fagpersonar og som medarbeidarar. Men der er ein prosess i gang med utdanning og kompetanseheving innan eigne rekkjer. Det siste kriteriet, sjølvflnansiering, er det punktet der det står mest att. Ein illustrasjon frå barneheimen i Ypacarai kan stå som døme på at det enno er eit stykke veg å gå.

 

Nasjonalisering er å gå den andre mila

Jesus har eit interessant utsagn i Mat 5,41: «Dersom nokon tvingar deg til å gå ei mil, så skal du gå enno ei mil med han».

Misjonen har til no gått den første mila. Guds kall. Jesu kjærleik, menneskeleg naud etc, har vore drivkraft for store og nyttige diakonale prosjekt. Dei har «tvinga» misjonærar ute og misjonsvener heime til «å gå første mila».

Men når dei nasjonale no tek over styringa, kvifor kan me ikkje då trekkja oss og gå til andre stader og andre folk? spør nokre. Då er vel vår plikt over?  

 Svaret er enkelt: Det står enno ei mil att. Underståande illustrasjon frå barneheimen i Ypacarai går på økonomi, men det kan like gjerne illustrera fagleg og menneskeleg kunnskap og erfaring. I begge tilfelle starta det med 100 % misjonsinnsats.

 

Den nasjonale delen auka litt etter litt. I dag er me ca. halvvegs til 100 % overtaking.

 

Avhengig av tryggleik!

Prosessen me er oppe i, er avhengig av tryggleik. For misjonen tryggleik for at arbeidet vert ført vidare på beste måte. For dei nasjonale at dei får den hjelpa dei treng til dess sjølvstendiggjeringa er reell.

Så langt me kan sjå i dag, er løysinga ein planlagd og avtalt overgang. Til dømes ved utarbeiding av ein plan for 100% nasjonal finansiering innan fem år. Ein kan eventuelt setja budsjettet ved overtakinga til 100%, og at misjonsmidlane minkar me 20% i kvart av dei fem åra.

Kyrkja må då bera 20% meir kvart år i høve til budsjettet ein gjekk ut frå. I tillegg må ho dekkja eventuell auke i utgiftene. I reelle utgifter kan kyrkja sin auke derfor verta 30 eller 35 %, og misjonen sitt reelle tilskot tilsvarande mindre. Men dette og mykje meir må misjonærar og nasjonale såman vurdera for å koma fram til dei beste løysingane.

A trekkja seg frå den pågåande prosessen er ikkje berre ei ansvarsfråskriving som vitnår om lite innsikt i kva det eigentleg dreiar seg om. Det kan og føra til at arbeid bygt opp gjennom mange år, bryt saman.

Er misjonen si tid forbi når ein nasjonaliserer?

Mitt svar er: «Nei!» Nasjonalisering er ein heilt naturleg del av alt vårt arbeid. Det er ein voksterog omstillingsprosess berre.

Det krev omstilling for alle partar. For misjonæren at han/ho ikkje lenger er den som tek avgjerdene og har heile prosessen i si hand. Han/ho vert berre ein del av prosessen og må retta seg etter andre sine priori teringar, retningsliner etc. I den posisjonen er det ikkje plass lenger for misjonæren som «born» han/ho må «oppdra». No er det me misjonærar sjølve som kjem i støypeskeia. No er det kanskje dei nasjonale leiarane som må «oppdra» oss så me kan fylla den plassen der dei treng oss.

 

Meir land å innta

Nasjonaliseringa må heller ikkje få oss til å sjå oss blinde på det arbeidet som er gjort. I høve til Bibelen si lære om frie, sjølvstendige kyrkjelydar, så er det mykje land å innta. Også i Paraguay. I fleire fylke er under 1% av folket truande (= evangeliske kristne). Det finst mange landsbyar så vel som indianarkoloniar der ingen forkynner eit fritt og fullt evangelium. Kva med desse?

Kort sagt: Der er enno store område der me ikkje berre kan, men bør satsa på å bryta nytt land og grunnleggja nye kyrkjelydar. Lat oss derfor arbeida med medan det er dag.

 

 

Copyright ® 2012 www.pymisjon.com