STARTSIDEN   VÅRE SIDER    MISJON    BOKPROSJEKTET   PARAGUAY   INDIANERNE   FILM   BILDER   SØK   LINKER   OVERSIKT   KONTAKT

 

  Neste del av artiklen

Korsets Seier 19.september 1997

Ei harmonisk ansvarsovertaking – del 2

 

Inge Bjørnevolv

 Ein viktig del av samarbeidsavtalen ved ansvarsovertaking på misjonsfeltet er korleis arbeidet finansierast i framtida. Ofte er det snakk om store pengesummar ut frå den lokale standarden. Samanlikna med budsjetta i menigheitene, er ofte budsjetta i dei diakonale arbeida bygd opp av misjonærane enormt store.

Likevel kan ein oppleva å høyra: «Men dei må vel ha tru til Gud slik som me misjonærane har hatt?» Men gløymer ein då at me misjonærar ofte støttar opp under vår «tru på Gud» med eit opprop til menigheitene heime? Det er dei nye ansvarshavande avskome frå om me berre nasjonaliserar og overlot alt.

Det å planlegga er ikkje så uåndeleg som mange synest meina. Jesus var utruleg enkel i sitt utval av tema han bygde lik-ningane sine over.

Likninga som me finn i Lukas 14 vært normalt åndeleggjort. Likevel er det klår tale om å setja opp eit investeringsbudsjett. «Vil ein av dykk byggja eit tårn, set han seg ikke då ned og reknar etter kva det vil kosta, om han har nok til å fullføra det?» (v.28). Og har ikkje vedkomande gjort skikkeleg budsjetteringsarbeid, så er Jesus like klår: «For har han lagt grunnmuren, og ikkje er god til å gjøra tårnet ferdig, då vil alle som ser det, gjera narr av han- v.29 . Kort sagt: Narren bryr seg ikkje om å laga eit bud­sjett for investeringane sine. Den klok gjer det, og gjer det med et­tertanke! Det er moralen i likninga.

Vers 31-32 gjev dømet om driftsbudsjett. Her er investering­ane alt gjort. Soldatane er utrusta med klede og våpen. Mat og transport er teke med. Men no er det sjølve striden det er spørs­mål om. Her er ei oppveging av debet og kredit. 20 000 mot 10 000. For å få budsjettet til å gå i null, mangla denne kongen 10 000 mann. Vurderinga vart så: Kva andre ressursar kan trekkjast inn for å få likevekt, eller kanskje eit lite «overskot» så han vann krigen?

Viser budsjettet at han ikkje har ressursar ut over dei opprinnelege 10.000, ja, då må han «tinga om fred». I budsjettsamanhang ville me seia: Skjer ned på utgiftane, prøv å auka inntek­tene, og gjer alt for å koma i balanse! Dette er like viktig. Slurv med budsjettarbeidet gjev tap på lang sikt.

 

Investeringar kan ein venta med. Driftsbudsjett er derimot ein «pågåande krig» som krev stadige og ofte store utteljingar. Tek me ein barneheim til døme, så er det snakk om mat til barna, medisinar, løn til personale, transport, lys, telefon, vedlikehald o.s.v. I tillegg har kanskje dei som overtok ansvaret andre priorite-ringar enn me misjonærane. Det vert omdisponeringar, og stun­dom til ting me misjonærar ikkje ser verdien av. Hus fortell medan pengar vert brukte til «prestisje-føremål». At problema vil koma i ettertid med forfalne bygningar, utstyr som ikkje fungerar o.s.v. vert lett gløymt.

Eint god samarbeidsvatale er derfor den som forutset slike ting, og som klart definerer kven sitt ansvar er kva, for kor lang tid, og som sikrar drifta vidare under den nye leiinga.

Fleirtalet av oss misjonærane i Paraguay går mot bruk av klausular ved ansvarsovertaking av arbeidet. Grunnane er fleire.

Det viktigaste er at ansvarsovertakinga skal vera ei samhand­ling mellom to likeverdige partar. Ved å leggja inn klausular om at «bygningane skal brukast i X antall år til det føremålet dei vart bygde til» skapar «eit ovanfrå og ned-tilhøve». Me har rett til å stilla krav. Dei andre har plikt til å godta.

Ein svært menneskjeleg tanke, men og eit vitnemål om at me ikkje har den nødvendige tiltru til samarbeidspartnarane våre. Skal tru Paulus hadde dette i tenkane då han skreiv: «Så legg eg dykk på hjarta, eg som er fange for Herrens skuld, at de må leva eit liv som er verdig det kallet de har fått. Ver audmjuke, ta dykk ikkje til rettes, men ver tolsame, så de ber over med kvarandre i kjærleik. Legg vinn på å vera eitt i Anden, i den fred som bind så­man» (Ef 4,1-4).

God ansvarsovertakingar, inkludert gode samarbeidsavtalar, stiller krav til alle postar. Krav til oss misjonærar som overlet an­svaret, krav til dei som overtok ansvaret, og krav til dei menig­heitene heime som gjennom sine misjonærer har vore med og bygd opp arbeidet.

Misjon er å senda ut misjonærar, men det er like viktig at det som vert bygd opp, både av evangeliserande og diakonalt arbeid, får livsvilkår og framtid etter at misjonærane er reiste. Uten det er mykje av både pengane og arbeidet som er investert vekkasta.

 

Neste del av artiklen 

 

Copyright ® 2012 www.pymisjon.com