STARTSIDEN   VÅRE SIDER    MISJON    BOKPROSJEKTET   PARAGUAY   INDIANERNE   FILM   BILDER   SØK   LINKER   OVERSIKT   KONTAKT

 

Korsets Seier 1974

 

Kvite indianarar i Paraguay

- med skandinavisk avstammnng?

 

Av Inge Bjørnevoll

 

Flere stader i Sør-Am erika finst forteljingar om "kvite indianarar". Kor mykje sant det er i alle, er uvisst, men sikkert nok har dei noko sanning i seg.

I Paraguay har ein så langt tilbake ein veit, kjendt til slike kvite  indianarar.  Etter som kjennskapet har vakse, veit ein og at dei er ei gruppe av stammen guayaki. Dei har delvis eigen dialekt, og andre særkulturdrag.   Amerikanske  misjonærar som arbeider mellom desse, reknar denne gruppa som utdøyande ved inngifte i andre guayakigrupper, og ved, sjukdomar.

Ei gruppe menn som seier å vera foskarar, "Instituto de Ciencia del Hombre" i Buenos Aires, har gjort to reiser opp til desse indianarane og studert dei. Konklusjonane deira er i sterk grad forunderlege.

Første ekspedisjonen:
vart gjort i 1969/70 og målet var å studera  fysikken  til dei "kvite". Høgde, hovudform og høve mellom kroppslemmane vart målt, og så samanlikna med gjennomsnittsmål for forskjellige folkegrupper. Det som då kom fram, var at største likskapen var med skandinavane.

Andre ekspedisjonen
vart sett i gang i februar 1972, og målet var å studera den særeigne skrivemåten dei hadde funne. Dei let indianarane rita i leire, skriva med kulepenn på papir og rita med kolstykke på tre. Her kom ikkje fram samanhengjande   runetekstar,   men runeliknande teikn. T.d. fann dei eit "løyndrune" som elles er kjend frå Grønland. Dei kunne og finna ord som "uruz, isa" og "solewu".

Frå gammal tid, fann dei helleristingar. Her fanst bilete av tre med ein fugl oppi, og viking-skip-liknande   båtar.   Finaste bileta finst i fjellet Yvyturuzu der helleristingane er i og ved ei hole. Her er innhoggen ein mannsskapnad i eit kors, og forskargruppa hevdar dette er Odin. (Biletet i publikasjonen er ikkje betre enn at det trengs! ein god del fantasi til for å sjå han). Det er også funne Odin sitt namn i innsikriftane, hevdar dei. Til dømes: "Ein mann og ei kvinne ropar til bodberaren til Odin".

 

Dei andre innskriftene dei har tolka., er kortare. Til dømes "Gravplass ved det sundrivne fjellet" eller "Bortom det vesle raude fjellet".

 

Konklusjonen på ekspedisjonen er interessant:

1. At desse folka budde her før Colombus, og at dei skreiv "nordisk" ved hjelp av runer.

2. At dei måtte vera vikingar eller etterkomarar etter slike.

3. At dei budde i høglandet.

4. At dei må ha hatt kontakt med Påskeøya, då dei lagar same slags figurar som desse.

5. At guayakiane er etterkomarar etter desse, og er blanda meir eller mindre opp med sør- amerikanske indianarar.

Me norske har ikkje lett for å taka desse påstandane alvorleg. Men det vert hevda at vikingane har kome sørover i Sør-Amerika og har skapt seg eit rike her i hjarta av kontinentet. Dei skal ha kome gjennom landet, og har truleg fylgt to ferdsleruter. Dette gjev så forklaringa til dei kvite indianarane   og   den   kvite "munien" lenger nord. Og er det slik, så var det vel ikkje så sikkert at nokon vende tilbake til Island eller kvar det skulle vera, slik at dei fekk kome med i dei norrøne sagane?

Interessant er det i alle fall, og skulle det visa seg at det var sant, så er altså slekta vår større enn me trudde!

 

Web-sider om ache guayaki:

Resursos naturales y ecològicas bàsicas

"Ingen syntes det var galt å skyte en indianer - VÅRT LAND 1981

 

 Copyright ® 2012 www.pymisjon.com