STARTSIDEN   VÅRE SIDER    MISJON    BOKPROSJEKTET   PARAGUAY   INDIANERNE   FILM   BILDER   SØK   LINKER   OVERSIKT   KONTAKT

 

Korsets Seier 1996 (?)

 

Bibelen på eit nytt språk Guarani

 

INGE BJØRNEVOLL 

 

Bibelselskapsunionen og det lokale Bibelsel skapet i Paraguay har i desse dagar avslutta eit kjempearbeid med å omsetja heile Bibe len til dette språket. Med det er åtte års ar beid avslutta. Talet på språk som har heile Bibelen omsett, har dermed auke med eitt; til vel 2.000!

Visestatsministeren (t.vJ for utdanning og kyrkjedepartementet får ein guaranibibel i gave frå Bibelselskapets leiar, pinsevenen Pablo Escobar.

Språket guarani var kanskje det første Colombus møtte då han kom til Amerika. Då oppdaga- rane seinare reiste nedover kysten av Sør-Amerika, fann dei så mykje guarani at dei kalla det for «det generelle språket», «Lingua General»!

Etter kvart kom katekisme, bønebøker og katolsk messe. Men først i starten på dette århundre kom dei første utgavene av større delar av sjølve Bibelen på guarani. Seinare kom ein utgave av NT på spansk / guarani, og deler av GT har vore omsett. Det nye og epokegjerande er at for første gong i soga er det ei heil og samanhangande omsetjing til språket. Guarani er morsmålet for over 3.500.000 paraguayarar. I til legg er dette språket brukt av minoritetar i Brasil, Argentina og Bolivia.

 

Det nye med denne utgava er og den tverrkyrkjelege vinklinga arbeidet har fått. Ved lanseringa stod katolske biskopar og protestantiske pastorar side om side og takka Gud for at hans ord har vorte tilgjengelig for «alt folket». Dei protestantiske, eller evangeliske kyrkjene som vi oftast seier, er mange og er til tider sterkt splitta. Det er derfor eit heilt under at Bibelselskapet har greidd å få til ei slik samling.

Den føregåande generalsekretæren i Paraguay, Fransisco Veron, vitja i si tid Noreg. Han fekk ein kjend paraguayisk poet og og skribent, Luiz de Guarania, inn som fagmann for å gjeva dei poetiske bøkene i Bibelen ei poetisk og klangfull språkdrakt. Den nåverande generalsekretæren, Pedro Escobar, førde arbeidet vidare og fekk gleda av å sjå det fullført. Kulturviseministeren var med på høgtida såman med andre «verdslege» autoritetar. Seinare har undervisnings og kyrkjedepartementet gjort ein resolusjon som kallar utgjevinga ei viktig kulturell hending, noko som ein vonar vil gjera at Bibelen vil verta lesestoff for folk langt utanfor kretsane med tradisjonelle bibellesarar.

For Det Norske Bibelselskap og dei norske misjonærarane her i Paraguay, er det ein gåmål draum som har gått i oppfylling. Bibelselskaps-arbeidet i Paraguay fekk sitt eigentlege gjennomslag under leiinga av nordmannen Mydske, far til Stein Mydske som no er sentral i Det Norske Bibelselskap i Oslo. Med hjelp frå Noreg har mange merkesteinar seinare vorte sette ned.

 

 Copyright ® 2012 www.pymisjon.com